fredag 21. april 2017

Veke 16

Hei alle saman!

Vel overstått påske 🐣

Det er fredag allereie, veka har vert litt kortare enn vanleg, og vi har vert mykje ute å leika desse dagane  i det varierande vêret. Vi sykler, sparker fotball og disser. ⚽️🚴
På torsdagen hadde det regna så mykje om natta at vi kunne laga basseng i sandkassen, og bade i det etterpå 😄😄


Inne speler vi mykje brettspill, vi har blant anna Fantorangen spelet, Labyrint spelet og Junior Alias. Andre leiker rollespel inne på grupperommet, dei køyrer tog, leikar butikk og lagar til dei flottaste festmåltid. 
🍰🌮☕️🍉🍎

Dinoskulen er inne i siste fase, i kapittelet om å presentere seg sjølv og fortelje om seg sjølv. Dei har denne veka øva på kva ein kan spørje andre om, og kva dei kan snakke om for å bli kjende, noko som er veldig aktuelt no som dei skal møte mange nye klassekamerater og vaksne ved skulestart.

Vi ynskjer alle ei fin helg!

☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️

Flåklypadamene 🙂






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar