fredag 1. september 2017

Veke 35

God fredag!

Veka er ved veis ende, og vi har i løpet av denne hatt samlinger, vert på tur i skogen og leika inne og ute på haugen.

Ved frokosten ein morgon såg vi brått eit pinnsvin utanfor vindauge, vi følgde spende med, og fann ut at det kanskje laga seg eit hi. Det bar småkvister og lauv med seg ned i skogholtet.



På tirsdag hadde vi ei "bli kjend" samling, då song vi namnesongar, sat i sirkel og hadde songleikar og songar med beveging. Vi hadde fokus på venskap og samhald.



Torsdag var vi på tur i skogen, det var kjempespennande, der klatra vi i trer, fann maur, såg sopp og fann pinner som vi leika med. Vi møtte til og med ein "jobbemann" frå FjellVar som kom køyrande forbi. Hans jobb var å halde skogen rein for søppel, og tømme bosspannet som stod i skogkanten. Fleire av borna var ivrige hjelparar og fann søppel i skogen som dei la oppi bossekken. Dette synes borna var veldig spennande.
Lunsjen åt vi ute i det fri, fiskekake på skive, og melk i koppen. 





Fredag markerte vi nasjonaldagen til Uzbekistan, Gratulera med dagen!





Vi ynskjer alle ei fin og solfylt helg ☀️☀️☀️

Mvh Flåklypadamene 😄

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar