fredag 15. september 2017

Veke 37

God fredag alle!

Veka har vore fyld med samlingar, tur, inne og uteleik og vi har hatt oppstart på Dinoskulen. 

Det var mange spende og forventningsfulle born som gleda seg til å byrje på Dinoskulen. Dei har fått si fyrste leksebok og er i full gong med fyrste tema som omhandlar reglar og korleis gjere sitt beste.



I samling har vi helst på "Skriketrollet" og høyrd på forteljingar om ulike hendingar han har vore med på.
Vi har og høyrd på eventyret om Rødhette og Ulven, noko borna synes er veldig spennande.





Onsdag var ei lita gruppe born, saman med Evelinn, dei måla haust bilete ved bruk av haustblad dei fann i naturen. Borna målte ivrig og vart veldig nøgde med slutt resultatet.






Torsdag var vi på tur i det flotte vêret, åt lunsj ute i det fri og leika ute resten av dagen ☀️☀️☀️



Fredag markerer vi nasjonaldagen til Guatemala og Honduras, og gratulerar dei med dagen! 



Vi ynskjer alle ei fin og solrik helg!

Flåklypadamene 🙂



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar