mandag 25. september 2017

Veke 38

Hei alle saman!

Ei ny veke er over, vi har hatt samlingar, vore på Dinoskulen, leika inne og ute og arrangert sykkel-VM.



Høgdepunktet denne veka har nok vore sykkel-VM som vi arrangerte saman med Tussetjødna. 

Vi gjorde oss klare med startnummer på brystet, og møtte opp i Amfiet til oppvarming, til Vennebyen sin VM sang "Full rulle". Stemninga var på topp, og god og varm i kroppen stilte vi på startstreken.




Vi sykla avdelingsvis, 1runde kvar i oppmerka løype på parkeringsplassen. Dei øvrige avdelingane heia ivrige på sidelinja. Her var det om og gjere å delta, både i sykkelløypa og på sidelinja i heia-gjengen.

Etterkvart var det tid for styrar duell, det gjekk unna, og enda med solidarisk uavgjort over mållinja.



Vi var så heldige å få besøk av både Kultursjef, Lennart Fjell og Barnehagesjef, Margun Landro. Dei heiv seg med i oppvarminga og seinare i heia-gjengen. Kjempestas! Kultursjefen hadde endå til sjølvaste VM bilen med seg, til stor begeistring for små og store.

Etter endt løp fekk vi "energidrikk" på drikkestasjonen, som seg hør og bør.


Tilslutt var det premieutdeling, avdelingsvis, diplom og ringeklokke sponsa frå Fjell Kommune, til stor jubel frå borna.



Deretter var det å traske attende til barnehagen, for å ete hot dog til lunsj.

Etter lunsj hadde vi ei høgtidelig premieutdeling på avdelinga, der eit og eit born vart bedt om å kome fram for å motta premie og diplom, til stor applaus.

Evelinn var fotoansvarlig, og tok flotte bilete av borna før, under og etter arrangementet.

For ein dag!

Ha ei fin helg!

Flåklypadamene 😀


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar