fredag 6. mars 2015

Veke 10

Hei folkens!

Det er fredag igjen, og vi har hatt nok ei fin veke saman med borna Dykkar her på Flåklypa.
Veret har variert frå blå himmel og sol, til regn og sludd, så vi har hatt nokre fine dagar ute på haugen og andre dagar kortare lufteturar ute på leikeplassen.



Vi har hatt gruppene våre, og kjekke samlingar med eventyret om "Dei tre små griser". Dinosaurer er også veldig poppis på avdelingen for tida. Veggane er dekorerte med ulike typar dinosaurar, i mange flotte fargar.

Turen denne veka gjekk til gapahuken. Vi leikte og kosa oss i skogen, før vi samla oss i gapahuken for å ete brødskjevene vi hadde pakka med i sekken. Det smaka godt med mat ute i det fri.


På Dinoskulen har borna denne veka starta på eit kapittel som handlar om venskap. Det handlar om å dele, samarbeide, hjelpe kvarandre, seie fine ting til kvarandre m.m. Korleis føler vi oss dersom vi meistrar desse sosiale ferdigheitane, og kva føler vi dersom vi ikkje gjer det? 

Denne positive venskapshandlinga vert belønna med eit Willymerke, og når kvar enkelt dinoborn har oppnådd 5 merker, får dei ein Dinofot på Dinoskulen. Tilslutt når alle dinoborna har kvar sin Dinofot, blir det IS FEST!!! som avslutning på venskapskapittelet.


På fredag hadde vi bursdagssamling for Olander, han blir 4 år den 8. mars. HURRA for Olander!!

På tirsdag neste veke, 10. mars, er det Barnehagedagen! Den har i år tema "VI VIL UT!" og vi markerar den med å samle oss ute på haugen. Der skal vi ha magisk samling, synge litt, gå i natursti og ete lapskaus til lunsj. Alle foreldre (eller evnt. besteforeldre) er velkomen til å feire denne dagen saman med oss, frå kl. 11. Vi håpar å sjå deg :-)


Vi Ynskjer alle ei riktig god helg!

Flåklypadamene og Kim Andre
  



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar