fredag 20. mars 2015

Veke 12

Hei alle saman!

No er endå ei barnehageveke slutt, og vi har lagt ei triveleg og innhaldsrik veke bak oss.



Dinoskulen har jobba vidare med venskapstema. Denne veka har dei laga flåter til marsmallows borgene sine, noko som krev godt samarbeid og deling. Dei har også spelt spel, som gjer god øving i å vente på tur. Dei har høyrd forteljinga om Regnbogefisken, som skildrar veldig godt ulike følelsar rundt det å inkludere, dele og seie fine ord til venane sine.


På måndag var dei eldste borna invitert på Påskevandring i Foldnes Kyrkje. Der fekk vi høyre historia om Jesus, då han døyde, vart gravlagd og stod opp att frå dei døydde. Borna følgde godt med og hadde ei triveleg stund i kyrkja. 



Elles har vi på gruppedagen vår jobba vidare med påskepynt og ei gruppe laga deilige ostehorn til lunsj. Vi kosar oss veldig med gruppearbeidet vårt.

Turen denne torsdagen gjekk til leikeplassen i Grunnavågen. Der var det ei stund sidan vi har vore, så alle gledde seg til å leike i det flotte leikehuset og rutsje på den store rutsjebana. På vegen såg vi mange lilla og gule krokusar, som er flotte og gode vårtegn. I sekken hadde vi med oss restar av ostehorn og heimelaga rundstykker med godt pålegg. Nam....et smakar ekstra godt med mat ute i det fri.

Vi ynskjer alle ei riktig god helg!

Flåklypadamene og Kim Andre 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar