fredag 16. oktober 2015

Veke 42

Hei alle saman!

Då er haustferien over og vi er no tilbake i våre vanlege rutiner på Flåklypa. Veka har hatt mange solfylte dagar og vi har kosa oss mykje utandørs.



Dinoskulen har denne veka snakka om kor viktig det er å høyre etter når nokon fortel oss noko, å bruke "lytteøyre" for å få med seg det vaksne eller born fortel oss. Dei har øvd på å vere gode lyttarar og lært at ved å høyre godt etter så får vi meir kunnskap og det gjer ein god følelse til den som fortel noko, å bli høyrd. Dette øva dei på ved å lytte til ei forteljing om Willy, der han skulle gjere ulike aktivitetar og trengde ulike klede på.

Dinoborna har og øvd på å "vente på tur". Dei har ein om gongen fått blåst såpebobler, og resten av borna har stått i ei rekkje og venta på tur, og dei bruka eit "timeglas" til å markere når det var nestemann sin tur. 

Vi har våre daglege samlingar, der borna får presentera familie-husa sine og vi snakkar om følelsar og venskap.





Torsdag var vi klar for tur, og den gjekk til den fyrste skogen langs Kyrkjevegen. Vi leika "Sabeltann", tikken og laga naturkunst. Denne turen var det Joanne som hadde hovedansvaret for og ho hadde vald å ha med polarbrød med godt pålegg og kakao i sekken. Det smakar alltid like godt! Då det nærma seg lunsj, gjekk vi til Amfiet og sat i trappene og åt, der var det nydelig sol og litt tørrare underlag. Etter lunsj leika vi "Haien Kommer", fleire og fleire hang seg på undervegs, og tilslutt var vi ein heil gjeng med Havfruer, Delfiner, Gullfiskar og "Kronisfisk", som våre fantasifulle born kalla det. Vi hadde ein flott tur og kosa oss alle mann. 
Godt jobba Joanne! 
Resten av dagen leika vi ute i barnehagen i det flotte veret.



Fredag hadde vi bursdagssamling for Ariana som blir 5 år på laurdag. HURRA for Ariana!






Vi har og FORUT samling på fredagar, og etter å ha flydd til Nepal og blitt litt kjend med kvar landet ligg i verden forrige fredag, har dei denne veka fått vite meir om korleis landet ser ut, med høge fjell, Himalaya fjella, og at verdens høgaste fjelltopp Mount Everest ligg i Nepal. I tillegg har vi snakka om mat dei har i Nepal og at dei et med fingrane. Dette prøvde vi også ut på avdelingen idag, med stor suksess. Det er eit spennande og interessant land, synes vi.



Vi ynskjer alle ei god og solrik helg!


Flåklypadamene




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar