Hei alle saman!
Ei ny barnehageveke er over og denne veka har vi hatt FN-dagen som tema her i barnehagen. Vi har hatt daglege samlingar avdelingsvis, og fredag hadde vi fellessamling saman med Tryllefløyten og Soria Moria på fellesrommet. Vi har også vert på tur i skogen, og leika ute i regnveret.
Dinoborna har jobba vidare med å øve på å ha"lytteøyre", og dei har snakka om at det er viktig å få med seg beskjedar.
Turen gjekk denne veka til Gapahuken, der vi leika i skogen. Der fann vi "magiske" dører og tunneler, noko som var kjempespennande å utforske. Vi hadde med oss brødskjever og kakao i sekken, det var godt å varme seg på i regnveret!
Høgdepunktet denne veka var nok FN-samlinga på fellesrommet. Der høyrde vi på songar som handlar om å hjelpe andre som ikkje har det så godt som oss, vi såg film frå FORUT-FESTIVAL i Nepal, og vi snakka om kva FN er og at dei jobbar for at alle mennesker skal få leve i fred og at alle land skal vere vener. Vi la hovedvekt på Barnas rettigheter, Barnekonvensjonen, og symboliserte ved hjelp av flinke born dei ulike rettighetane:
-Alle born har rett til reint vatn
-Alle born har rett til mat og drikke
-Alle born har rett til eit namn og ein nasjonalitet
-Alle born har rett til å seie si meining
-Alle born har rett til å ha eit hus å bu i
-Alle born har rett til å leike
-Alle born har rett til kjærleik og omsorg
-Alle born har rett til beskyttelse om dei blir sjuke
-Alle born har rett til å gå på skule
Til lunsj fekk vi linsesuppe med ris og grønsaker, mat dei har i Nepal. Kjempegodt!
Minnar om FORUT-basar her i barnehagen torsdag 29.10. kl. 14:30-16:30. Vil og takke alle som har gitt flotte gevinstar.
Vi ynskjer alle ei riktig god helg!
Flåklypadamene :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar