fredag 15. januar 2016

Veke 2

Hei alle saman!

Veka er ved veis ende, og endeleg har det kome det vi har venta på i heile vinter; SNØØØ!!!
Du kan tru vi har kosa oss ute i snøen, vi har laga snømann, snøenglar og ikkje minst vert i akebakken.



Turen denne veka gjekk til sjukeheimen, der vi var invitert tilbake for å delta i ei kåring av beste peparkakehus frå utstillinga vi deltok i før jul. Det var kjempe spennande, og alle som jobbar på dagavdelinga på sjukeheimen hadde stemt. Resultatet vart uavgjort, og begge barnehagane fekk premie, som var ein flott bamse, Curious George (fetteren til Nysjerrige Nils....). Etter premieutdelinga fekk vi kome inn i stova deira der vi fekk saft og mariekjeks. Vi sang to songar, "Mikkel Rev" og "Bæ, bæ Lille Lam" for dei, og hadde ei koselig stund saman med dei gamle. Etterpå gjekk vi attende til barnehagen og åt lunsj på haugen i flott solskin.



På Dinoskulen denne veka har dei lærd fleire nye strategiar for konflikthandtering. Dei har i tillegg til å dele snakka om at det å spørje fint kan vere ein god metode. Korleis spør vi fint?
Dei har laga dinosaurar av modellkitt til marshmallows borgene sine, der kvar fekk sin farge og måtte spørje kvarandre fint om å få andre fargar. Willy og Mari har og vore med og vist korleis ein kan øve på å dele ball.
Neste veke skal dei få lære endå fleire gode strategiar ein kan bruke når vi har eit problem. 



Vi starta opp med gruppene våre denne veka, vi gymma oss, laga mat og hadde språkgruppe.




Vi ynskjer alle ei fin helg, i det flotte vinter veret!


Flåklypadamene:-)





   


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar