fredag 29. januar 2016

Veke 4

Hei alle saman!

Fredagen er her og helga står igjen for tur, og i løpet av veka har vi leika ute i det våte element, vi har hatt vår faste gruppedag, samlingar, dinoskule og turdag.



På gruppedagen har vi denne gongen fortsett med språk/spel gruppe, ei gruppe har laga bilete med ulike former i papp, og ei gruppe laga deilige ostesmørbrød til lunsj.


Dinoskulen har fått presentert fleire strategiar på problemløysing denne veka, som det å oversjå noko og å spørje ein vaksen, dersom eit problem oppstår. Dei har snakka om å prøve å finne løysinger sjølve, og om det er ei god løysing ( t.d. vente på tur, seie det til ein vaksen, dele m.m.) eller dårleg løysing (t.d. dytte, seie dumme ting m.m.) Dei har og snakka litt om konsekvensar, og fokusert på at gode løysinger er positivt, og at dårlege løysinger gjer at begge partar sit igjen med ein dårleg følelse.
Etter å vore innom alle seks strategiane på problemløysing, vart det popcorn fest på dinoskulen. Det var stor stas og borna kosa seg med både popcorn og disco.
Vidare framover skal dei gå litt djupare inn i tema konsekvensar.




Torsdag var det tur på programmet, og turen gjekk til ein leikeplass i nærleiken av barnehagen. Vi balanserte på gjerdet, vi dissa og kosa oss, før vi returnerte til barnehagen for å ete lunsj inne på avdelinga. Det var godt å kome inn å varme seg, og etter lunsj leika vi inne.



Fredag vart grunna ekstremveret ein innedag for alle her i barnehagen. Vi åt deilig hamburger til lunsj, og samlast etter det på fellesrommet til kino og minirøris saman med Soria Moria og Tryllefløyten.

Vi ynskjer alle ei fin helg, ver varsame i ekstremveret!





Flåklypadamene :-) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar