fredag 22. januar 2016

Veke 3

Hei igjen!

Ei ny veke er over her i barnehagen, og vi har hatt mange flotte dagar ute i snøen. Vi har tilbragt mykje tid på akebrettet på haugen med god frisk luft og flott sol som har varma frå blå himmel.


I gruppene våre denne veka fortsette vi med språkgruppe, ein gjeng boltra seg med gym på fellesrommet, og ei gruppe laga bilete ved hjelp av ulike former av papp. Dei fekk sjå eit bilete først, så skulle dei prøve å lage liknande bilete sjølve.  Borna er veldig flinke til å skilje mellom kvadrat, rektangel og sirkel. Imponerande!



På Dinoskulen har dei denne veka øvd på den nye problem strategien; å vente på tur. Mari har vore på besøk med den nye sykkelen sin, og ho var veldig flink å¨dele sykkelen med Willy, og han var kjempeflink å vente på sin tur. Etterpå fekk og borna prøva sykkelen til Mari. Willy har og øvd saman med borna på å seie unnskyld når dei var uheldig å øydelegge tårnet som han hadde bygd. Etterpå hjalp dei Willy å bygge tårnet opp igjen. Ellers har dei bygd vidare på marshmallows borgene sine, denne gongen figurar av lego.

 

Turdagen vår denne gongen gjekk opp på Haugen, der vi aka, dissa på ufo-dissa og grilla pølser. Vi koste oss, men det vart ganske kaldt etter ei stund, så resten av dagen leika vi inne på avdelinga.



Vi nyt den siste vinterdagen med endå meir aking idag, og ynskjer alle ei god helg!



Flåklypadamene :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar